Om

Om

Mitt namn er Ida Kinden Jonassen, og det er eg som har starta Kindex forlag, og også gitt ut boka Abnormium. Eg har skrive boka på både nynorsk og bokmål, og vil gjera det med seinere bøker også. Dette fordi:
- bøker skal vera for alle
- språk er identitet, og me må difor ta vare på både nynorsk og bokmål

- det er lettare å læra seg ei ny målform om ein får støtte.


Eg er utdanna lektor, med master i pedagogikk, og eg underviser i norsk og engelsk. Språk er utruleg kjekt, og det same er historier. Særleg dei med mystiske preg, mykje fantasi og ein god dose humor.


Du kan finna forlaget på Instagram og Facebook, og du kan kontakta meg på mail.